Fornyings- og administrasjonsminister Heidi Grande Røys lanserer senteret kl 1200 i Drammen i dag. IKT-Norge er blant samarbeidspartene til senteret, og deltar ved opninga.

Nasjonalt kompetansesenter for fri programvare skal fremme bruken av og kunnskap om fri programvare i offentlig sektor, sikre næringsutvikling innan fri programvare i Noreg samt sikre FoU-aktivitetar og Universitets- og høgskoletilbod. Fornyings- og administrasjonsdepartementet støttar senteret med to millionar kroner. I tillegg vil Kunnskapsdepartementet medvirke med 750.000 kroner. Bak senteret står Buskerud fylkeskommune, Rådet for Drammensregionen, Høgskolen i Buskerud, Troms fylkeskommune, KS og IKT-Norge.

– IKT-Norge ser fram til at kompetansesenteret skal bidra til næringsutvikling innan fri programvare. Dette er ei viktig forretningsmodell for stadig fleire norske aktørar.

Kompetanse er identifisert som den største barrieren for at offentlege verksemder skal ta i bruk fri programvare. Lanseringa av senteret er derfor ein merkedag for norsk IKT-næring.

Opninga skjer frå kl 1200 i dag på Papirbredden, Grønland 58 i Drammen. Du kan og fylgje direkte overføring av arrangementet på www.friprog.no