Med utfordrande tilstandar verda over, planla aktørane bak VestLAN ei kreativ løysing for å skape eit minneverdig LAN-party 24.-26. april.

Samarbeidsgruppa bak lanet.

Resultatet vart VestLAN Virtual 2020 Powered by Enivest – eit 3-dagars virtuelt LAN-party med e-sport-turneringar, konkurransar, store premiar, streaming, TV-studio og det teknologien gjer dei moglegheita til å gjennomføre.

Alternativ til tradisjonelle LAN

– Eit LAN (Local Area Network) er per definisjon ei fysisk samling. Men når det ikkje er mogleg å samlast fysisk, nektar vi å sitte passive i ventemodus – spesielt når vi har teknologi, tid og ressursar til å skape ei virtuelt LAN (VLAN) som alternativ til fysiske LAN-partyet, seier prosjektleiar, Allan Madsen. Han legg til at planen er å gjennomføre arrangementet i likheit med det “vanlege” VestLAN, og kryssar fingrane for at VestLAN 2020 fortsatt vil finne stad til hausten, noko tida får vise.

Eit rekrutteringsprosjekt

Går ein to år tilbake i tid, vart VestLAN Powered by Enivest starta som ein del av ei rekrutteringssatsing. Formålet var å bygge ein arena for teknologiinteresserte og gjere desse merksame på utdanningstilboda frå Høgskulen på Vestlandet og traineeprogrammet til Framtidsfylket.

Ifølge Madsen vil dei bidra til å vise fram teknologisatsingar, den attraktive arbeidsmarknaden i regionen og samtidig lokke med kortreiste utandørsaktivitetar som ski, klatring, kajakk, gåturar, sykling eller breturar i fantastiske omgivnader.

– Midt i blinken

– Enivest sponsar dei fleste LAN og e-sport initiativ i regionen. Då er det å vere med på eit virtuelt LAN midt i blinken. Då Allen ringte meg for å foreslå eit virtuelt LAN, hadde eg tenkt på det same kvelden før. Vi konkluderte med at dette er ein idé vi burde gå vidare med. Det er no, fleire har behov for måtar dei kan vere sosiale på, til tross for at dei er med på den nasjonale dugnaden med fysisk distansering. Vi håper at VestLAN Virtual 2020 Powered by Enivest blir tatt godt imot og at at helga kan bli eit lyspunkt med masse sosialt samvær på nett, seier Christiane Ulriksen, marknadsansvarleg i Enivest.

Ser stort potensiale for Høgskulen

– Idéen til VestLAN hadde sitt utspring i ei gruppe som jobba med rekruttering av studentar til den då nyetablerte linja i informasjonsteknologi ved Høgskulen på Vestlandet, Campus Førde. For oss som Høgskule er det viktig å vere med for å møte potensielle studentar, vere tilstades der ungdomen er og halde oss oppdatert på teknologi. I så måte er både det ordinære VestLAN og VestLAN Virtual viktige arenaer for oss, seier Øyvind Østrem, leiar prosjekt rekruttering HVL.

Vil nå ut med bodskap

– Framtidsfylket si viktigaste oppgåve er å nå ut med bodskapen om at Vestland fylke bugnar over av spennande karrieremoglegheiter. Vi er glad for å kunne vere ein bidragsytar til eit positivt og lokalt initiativ, noko som også gir oss eit ope vindu direkte til teknologi-interesserte mennesker langt ut over våre lokalsamfunn, seier Linda Hovland, dagleg leiar i Framtidsfylket.